meg er det inga årstid som ikkje er eigna til å bygge terasse, men av erfaring er eg klar over at det er høg aktivitet no som sommarmånadane nærmar seg, seier avdelingsleiar for proffmarknaden ved Farsund Bygg, Kjell Engesæter.

Og til dei har han mange råd.

– For det første er det veldig viktig å planlegge godt, og i det legg eg at om ein begynner riktig, blir som oftast resultatet deretter, seier han og ramsar opp:

– Val av rett type bord til terassegolv, riktige skruar, farge, og råd til korleis ein skal behandle materiale er alt noko ein må tenke over.

Skal vere stilreint

Det seiast at nordmenn er meir opptatt av estetikk enn nokon gang tidlegare, og det same gjeld innan terrasse. På Farsund Bygg i Førde er det i all hovudsak fire terassebord som vert levert til den kravstore kundemassa.

IMG_3978

Kjell Engesæter og Ørjan Ramstad kan det meste om bygging av terasse. Foto: Førdeby.

Vanleg grøn CU-impregnert, kebony eller royalimpregnert i brun og grå farge.

– Kompositt terrassebord, som er vedlikehaldsfrie,  ser vi kjem meir og meir også.

Les deg opp om terassebord på Farsund Bygg sine nettsider her.

– Skilnaden på dette er kor mykje arbeid ein må legge ned i vedlikehald. Mange trur at dersom ein ser vekk i frå den grøne CU-impregnerte, at dei andre er vedlikehaldsfrie. Alle terrassar skal vedlikehaldast, anten med vasking eller oljing etter behov. Under montering må alle skårne flater behandlast før montering. Så må ein sjølvsagt reingjøre borda. Då er det viktig å ikkje bli for ivrig med høgtrykkspylaren. Bruk alltid terrasevaskar på høgtrykkspylaren, og bruk vet, seier proffselgar Ørjan Ramstad, med glimt i auge.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here