- Vi brukar offentlege kjøp av ferjetenester til å utvikle dei beste løysingane for utsleppsfrie ferjer. Fleire og fleire ferjesamband får difor no nullutsleppsferjer, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Henrik Jonassen/SD (bilete er av MF Gloppefjord, ei helelektrisk ferje på sambandet Anda-Lote).

Publisert 10.11.2020 10:18, oppdatert 10.11.2020 10:19 - Samferdselsdepartementet - tips@stottmedia.no

Alle riksvegferjer i Nord-Noreg blir klimavenlege

- No lyser vi ut eit nytt anbod på ferjesambandet rv. 85 Bognes-Lødingen. I utlysinga sørgjer vi for krav om nullutsleppsteknologi, større båtar og fleire avgangar. Med denne utlysinga er det no stilt krav om klimavenleg teknologi på alle riksvegferjesamband i Nord-Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

 

  

Statens vegvesen har ansvaret for å lyse ut anbodet.

I krava til konkurransegrunnlag vil det verta stilt krav om nullutsleppsteknologi på hovudferjene. Selskapet som vinn kontrakten, vil få høve til å bruke avansert, berekraftig biodrivstoff i mindre omfang.

- Noreg er verdsleiande på miljøteknologi i maritim næring. Vi brukar offentlege kjøp av ferjetenester til å utvikle dei beste løysingane for utsleppsfrie ferjer. Fleire og fleire ferjesamband får no nullutsleppsferjer. Vi har nyleg stilt krav til hydrogen i det nye anbodet på sambandet over Vestfjorden. På alle riksvegferjesamband i Nord-Noreg vert det difor no stilt krav om klimavenleg teknologi, seier samferdselsministeren.

Talet på daglege avgangar aukar frå 16/20 til 23 om sommaren, og frå 11 til 14 mellom september og mai. Det vert innført nattavgangar heile året.

Ferjene blir òg større. No vert det stilt krav om kapasitet for 120 personbilar på dei to hovudferjene og suppleringsferja for sommarmånadene. Det er òg krav om eiga reserveferje for sambandet. Reserveferja må kapasitet til å ta 80 personbilar.

- Dei nye krava gjev enkelt og greitt eit betre tilbod for dei som nyttar ferja mellom Vesterålen og resten av Nordland, seier Hareide.

Statens vegvesen vil no setje i gang prosessen med utlysing, slik at drifta av nytt anbod kan starte 1. oktober 2023. Kontraktsperioden vert sett til 10 år, men opsjon om forlenging på 1 år.

Les også